shutterstock_213347473

Veg og samferdsel

Den offentlige vegen er nabo til de fleste i dette landet og et godt naboskap skal pleies gjennom forutsigbarhet og kompetanse.

NYHET - vegmyndighetene kan gjøre vedtak om tvangsmulkt.

ENDRING I VEGLOVENS § 32

Link til veglovens § 32

§ 32.

 Elektrisk eller annen kraftleidning, leidning for elektronisk kommunikasjon, vass-, kloakk- eller annen leidning eller renne av alle slag, løypestreng, taubane eller privat skinnegang eller feste for leidning m.m. som nemnt, må ikkje utan særskilt løyve frå vegstyremakta leggast over, under, langs eller nærare offentlig veg enn 3 meter frå vegkant, målt vassrett. Dersom omsynet til trygg ferdsel, vegvedlikehaldet eller moglig seinare utbetring av vegen tilseier det, kan vegstyremakta for særskilt fastsatte strekningar sette ein større avstand, men ikkje større enn til byggegrensa for vedkomande veg. Desse reglane gjeld også dersom det i anna lov er gitt høve til å føre leidning eller renne over, under eller langs eigedomsområdet for offentlig veg.

Departementet kan gi forskrift om vilkår for løyve, sakshandsaming, utgiftsdeling og gebyr i samband med løyve etter denne paragrafen og § 30.

Dersom ein frist som er fastsett i eit vedtak om igangsetting og avslutning av leidningsarbeid, fjerning eller flytting av leidningar, eller istandsetting av veggrunn etter leidningsarbeid, er overskriden, kan vegstyresmakta gjere vedtak om tvangsmulkt. Vedtaket om tvangsmulkt er tvangsgrunnlag for utlegg. Departementet kan gi forskrift om fastsetjing, utrekning og ettergiving av tvangsmulkt.

0 Endra med lover 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. hhv. 1 apr 1996 og 1 juli 1996), 17 mars 2017 nr. 9 (ikr. 20 mars 2017 iflg. res. 17 mars 2017 nr. 337), 21 juni 2019 nr. 68 (ikr. 1 jan 2020 iflg. res. 21 juni 2019 nr. 869), 7 mai 2020 nr. 40 (ikr. 1 juli 2020 iflg. res. 7 mai 2020 nr. 944).
Web levert av CustomPublish AS